Vi har alle temmeleg motstridande krefter innabords. Medan kroppane våre både er laga for, og er heilt avhengige av, aktivitet, er hjernen vår innstilt på at vi skal ta det med ro så ofte vi kan.

I gamle dagar, som eigentlig ikkje er så lenge sidan, besto det meste i kvardagen av bevegelse og kroppsleg slit, og då var jo dette veldig smart tenkt frå toppen! I dag, derimot, med heisar, rulletrapper, e-postar, fjernkontrollar, skjermar, sagways og det som verre eller betre er, har vi nesten konstant muligheita til å ta det med ro fysisk. I alle fall er det slik for svært mange av oss. Med respekt å melde er det framleis ein del mennesker i Norge som har tungt fysisk arbeid. Men det blir stadig færre. Dei fleste av oss sit på rumpa i langt fleire timar om dagen – og gjerne i strekk–  enn det som sunt er. Og mange av oss blir sjuke av det. Som befolkning sit og et vi på oss livsstilssjukdommar for milliardar i året – for ikkje å snakke om den menneskelige prisen den enkelte og familien rundt må betale, ein pris som ikkje blir målt i kroner og ører. Vi veit alle at bevegelse er bra for oss, og forskninga dei siste åra, har slått i bordet med stadig fleire fordelar knytta til det å vere aktiv, trene og leve sunt.

Konseptet er veldig enkelt og du treng ikkje utstyr. Bruk det du har! Med to bøker ….

Uansett. Når hjernen er innstilt på å at vi skal det med ro når vi kan, er det ikkje rart at dei fleste ikkje får til det vi alle vil, nemleg å trene jevnt og bra, året rundt. At det er mulig å få til, finnes det heldigvis mange eksempler på. Om lag kvar fjerde person i Norge trener bra. Men tre av fire gjer det altså ikkje. Og eg har no, etter å ha jobba med trening i over 20 år, endra oppfatning om kva som er suksessformelen for å få dei utrente til å begynne å trene.

I årevis har eg reist land og strand rundt for å motivere og inspirere folk til ein sprekare, sunnare livsstil. Dette har gitt meg ei fantastisk muligheit til å snakke med folk om kvar skoen trykker. Eg har fått innblikk i utfordringane dei har møtt på og grunnane dei oppgir for at dei ikkje har fått det til. Og dette har gitt meg ståltru på at vi må senke terskelen betrakteleg for kva det vil seie å vere ein trenande person.

Kjem i form med minst mogleg innsats

Saman med kona mi, Liv Loftesnes, har eg derfor laga bok for alle som ikkje har lyst, men innser at dei burde begynne å trene. Den heiter «Kom i form med minst mulig innsats» og opplegget går i hovedsak ut på å bevege seg meir i kvardagen og å trene fem minuttar kvar dag. Desse fem små minuttane med trening gjer at får du den viktige daglige påminningen du treng om kor godt bevegelse kjennes fysisk og mentalt. Du unner deg sjølv ein daglig dose av verdas beste medisin – fullstendig utan bivirkningar og med tusenvis av ekstrabonusar.

Boken finner du i Roede-butikken her!