….0g egentlig alle andre også!

Den gode følelsen akkurat her og no er kanskje den viktigaste grunnen til å trene, uansett alder. Ok, kanskje du ikke boblar over av entusiasme i det samme du knyt løpeskoa dine, eller jublar når du tek dei første skritta over dørstokken, høyrer lyden av piggsko mot is og kjenner den gnistrande kulda bite i kinna. Her er vi alle forskjellige.

Men allereie etter få minuttar i bevegelse, enten det er på skogssti, asfalt eller tredemølle, så begynner dei magiske endorfinane som gir lykkefølelse å spre seg i kroppen hos dei aller fleste av oss. Og då er du i gang!

Eit anna hardtslåande treningsargument for deg som har levd nokre år, er dette:

Held du deg i form, vil du mykje lenger kunne fortsette med aktivitetane du er glad i. Enten det er å leike med barnebarna, å reise, sykle, gå på ski og fjellturar eller å samle familien til heimelaga søndagsmiddag!

Leking i parken

Idrettslege og medforfattar Thor-Øistein Endsjø er ute å leker / trener med barnebarnet!

I boka, Kom i form 60+, som kom ut no i år, skriv vi om vår 80-årige venn som har ein robåt liggande i fjøra. Eit par ganger i veka, året rundt, har han tatt båten ut på Oslofjorden, sett garn og fått bra med fisk. Men på eit tidspunkt begynte kreftene og balansen å bli gradvis dårligare, og båten blei etter kvart liggande. Då foreslo vi at han skulle starte styrketrening 2–3 ganger i veka, og etter tre månader var båten på fjorden igjen og han har holdt fram med fisketurane sine i tre år no, slik han alltid har gjort. Denne vesle historia understrekar kor lite som skal til for å oppnå store resultat for livskvaliteten!

Mann over 60 drar opp båten på land

Morgongym er vårt beste tips til deg som vil komme i bedre form

Idrettslege og medforfattar Thor-Øistein Endsjø forklarer det slik: ”Om natta kjem kroppen i kvilemodus for å restituere seg, men dette er ikkje hensiktsmessig utover dagen. Når søvnen er slutt, må kroppen aktiverast og ”tennast på”. Dei aktive musklane vil då produsere substansar som virkar gunstig på blodlevring, blodsukker og feitt i blodet. Kroppen vil produsere betennelsesdempande stoff og du vil føle deg meir opplagt, for etter berre få minuttars aktivitet aukar blodirulasjonen til hjernen med 10-20 prosent”.

Yngvar Andersen med Roede

Foto: Morten Bruun. Fra venstre: Idrettslege Thor-Øistein Endsjø, Liv Loftesnes, Yngvar Andersen.

Ei slik økt treng ikkje ta meir enn 3–4 minuttar – og med all respekt, det har vi alle tid til! Du kan jo for eksempel trene medan kaffetraktaren gjer jobben sin?

Å komme i gang er nøkkelen. Enkelt og greit. Om det så er aldri så lite trening i begynnelsen, så klapp deg sjølv på skuldra og fortsett. Handling skaper lyst, og ein stad må ein uansett begynne. Har du aldri trent før eller det er lenge sidan sist, gjer du uansett lurt i å begynne rolig.

Hjemmetrening i stua med boksebag

Hjemmetrening i stua, alt er mulig.

Det ideelle opplegget er kanskje det beste på kort sikt, men det gjennomførbare opplegget er det som vinn i lengden. Eg pleier å seie det slik: ”Gode økter som du får gjort, er uendelig mykje bedre enn fantastiske økter som du ikkje får gjort”.

Lykke til!
Yngvar

Kom i form 60+ kjøper du i Roede-butikken