Tren deg glad

Eg har alltid vore ganske så entusiastisk til trening og bevegelse. Det siste året har denne iveren løfta seg til tidlegare uante høgder.

Tidligare var det følelsen etter trening, eller det å vinne ein konkurranse eller kamp, som stort sett trigga meg til å trene. Men då eg etter eit nesten 40-årig liv med mykje og allsidig idrett og aktivitet blei tvungen til å ta eit og eit halvt år lang pause frå trening på grunn av ein real ryggskade, lærte eg noko viktig. Sjølv om frustrasjonen og smertene var store då det sto på, var det ein erfaring eg ikkje ville vore forutan.

Eg er no blitt grunnleggande takknemlig for det å kunne bevege meg.

“Berre gjer da!”

Poenget mitt, med min nyvunne eigenerfaring, er at sjølv om ein skulle ønske at ein var i betre form, så har ein god grunn til å være fornøgd når kroppen faktisk funkar. Klart den kan bli enda sprekare, slankare eller strammare, men så lenge den er frisk, så er det faktisk opp til deg. Og den krafta som ligg i dette er uvurderleg.

Det er DU som kan gjere noko med det! Når du har armar og bein og eit hovud som funkar, så er det berre å gi jernet! Viss du virkelig vil, så kan du! Gleden og takksemda over dette kan ta tid, ref. meg!

Ikkje alt på stell i ein fei

Derfor har eg tru på å begynne med det som du har minst motstand mot. Å endre livsstil kan gi mykje glede ganske fort, men det er definitivt ikkje enkelt. Vanskelegare blir det ofte om alt skal på stell i ein fei. Nokon synes det er enklast å komme i gang med trening, andre vil gjerne få styr på kostholdet sitt først. Uansett, vi har god tid – lykkast ein med å komme i siget med det eine eller andre, kan vi fortsette med den klassiske øvelsen å legge stein på stein.

Med opplegg som har til hensikt å vare, der du ikkje er åleine, aukar sjansen betraktelig for å klare å holde på ein sprek og sunn livsstil.

Eg brukar ofte å stille folk spørsmålet: Vil du oppnå enorm framgang som ikkje varer på to måneder eller vil du vere med på eit opplegg som er litt mindre spektakulært, men som varer? Det skal seiast at eg er veldig glad i spørsmål med opplagte svar.

Nyt den spreke hausten!

Yngvar

Følg meg på Instagram: @andersenyngvar


Det nye som løftar meg til nye høgder (noko som ikkje nødvendigvis betyr betre form), er at eg no både gleder meg til sjølve økta og heile tida undervegs. Å føle seg betre og vere fornøgd etterpå, er jo noko som er tilgjengeleg frå dag ein, sjølv etter langvarige opphald. Dette er også kjernen i min motivasjonstankegang for ein aktiv livsstil: ”Berre gjer da”. Du angrar ikkje på ei økt, og kvar gang du vel å vere aktiv er det ein suksess – etterpå.

Yngvar Andersen er treningsekspert og personlig trener, og er blant annet kjent fra NRK Puls.
Powered by Labrador CMS