FAMILIETUR: Ut på tur – aldri sur!

Turar i det fri gjer godt på så uendelig mange vis

Vi har aldri trengt frisk luft og turar i skog og mark, på fjell, ved sjøen og i park, meir enn no.

Mens resten av samfunnet er full av restriksjonar og begrensningar, ligg naturen framleis for våre føtter, fritt tilgjengelig for gratis utforsking for oss alle – når som helst!

Turar i det fri gjer godt på så uendelig mange vis, for både store og små. Det gjer underverker for både den fysiske og mentale helsa vår, og det er knappast noko som får meir fart på dei gode samtalane enn det å gå tur saman.

Eg har sjølv tre døtre mellom 4 og 10 år, og her er mine beste tips for å få med små og mellomstore barn ut på tur:

FAMILIETUR: Ut på tur – aldri sur!

1) Så lenge det ikkje er striregn eller snø går ungane alltid i lette joggesko. Og vi kler dei lett slik at dei ikkje blir for varme og det ikkje blir tungt eller vanskelig å bevege seg. I staden har vi med ekstra tøy og ullsokkar i sekken. Eg skjønnar veldig godt kvifor ungar med tunge støvlar og enorme utedressar hatar å gå tur. Det hadde eg gjort også!

2) Vi unngår å ta mange pausar. Spesielt no når det begynner å bli kaldt. Vi leikar heller sisten, hermegåsa, «trollet kjem» eller «kor mange jentenavn klarar vi å komme på som begynner på S?” når det begynner å bli litt tungt eller kjedelig å gå.

3) Vi er opptatt av å dele naturopplevingar, og å glede oss over og snakke om alle små og store under naturen byr på. Frå sildrande bekkar til søte røyskattar, blåbær, sopp og kongler til skyer som ser ut som dyr. Eg trur at bevisstheit og engasjement frå oss vaksne er smittsomt og skaper begeistring! Naturen står klar til fri og gratis utforsking og beundring for alle – når som helst!

4) Vi vaksne hjelper alltid til når det trengs. Vi dyttar litt opp bakkane, hjelp til om det er skummelt nedover, og driv så lite masing og pushing som mulig. Vi har også frå tidleg av unngått hyppig premiering i form av godteri og søtsaker. Frå mine svigerforeldre har vi derimot lært begrepet ”snugodt”, og har alltid med ekstra fristande nistemat med ”snugodt” når det er på tide å snu eller vi skal ha hovedstoppen på turen.

5) Vi prøver å snu og endre planar i tide. Ingen likar å bli våte til skinnet, forfryse tærne eller få for lavt blodsukker. Slikt kan skje, men det er om å gjere å unngå det. Det å faktisk komme seg ut i frisk luft, enten det er ein svipptur eller lengre tur, er det viktigste.

BERRE GJER DA! Det å faktisk komme seg ut i frisk luft, enten det er ein svipptur eller lengre tur, er det viktigste.

Hør også Bent Høye: Hvorfor sitte inne, når alt håp er ute!

Med ønsker om ei strålande turveke!

Yngvar Andersen
Treningsmotivator og gründer, Naardic Trening

Sjekk gjerne ut Naardic sine hjemmeside Naardic.no eller følg de på Facebook og/eller Instagram.

Powered by Labrador CMS