Vi har alle temmeleg motstridande krefter innabords. Medan kroppane våre både er laga for, og er heilt avhengige av, aktivitet, er hjernen vår innstilt på at vi skal ta det med ro så ofte vi kan.

I gamle dagar, som eigentlig ikkje er så lenge sidan, besto det meste i kvardagen av bevegelse og kroppsleg slit, og då var jo dette veldig smart tenkt frå toppen! I dag, derimot, med heisar, rulletrapper, e-postar, fjernkontrollar, skjermar, sagways og det som verre eller betre er, har vi nesten konstant muligheita til å ta det med ro fysisk. I alle fall er det slik for svært mange av oss. Med respekt å melde er det framleis ein del mennesker i Norge som har tungt fysisk arbeid. Men det blir stadig færre. Dei fleste av oss sit på rumpa i langt fleire timar om dagen – og gjerne i strekk–  enn det som sunt er. Og mange av oss blir sjuke av det. Som befolkning sit og et vi på oss livsstilssjukdommar for milliardar i året – for ikkje å snakke om den menneskelige prisen den enkelte og familien rundt må betale, ein pris som ikkje blir målt i kroner og ører. Vi veit alle at bevegelse er bra for oss, og forskninga dei siste åra, har slått i bordet med stadig fleire fordelar knytta til det å vere aktiv, trene og leve sunt.

Konseptet er veldig enkelt og du treng ikkje utstyr. Bruk det du har! Med to bøker ….

Uansett. Når hjernen er innstilt på å at vi skal det med ro når vi kan, er det ikkje rart at dei fleste ikkje får til det vi alle vil, nemleg å trene jevnt og bra, året rundt. At det er mulig å få til, finnes det heldigvis mange eksempler på. Om lag kvar fjerde person i Norge trener bra. Men tre av fire gjer det altså ikkje. Og eg har no, etter å ha jobba med trening i over 20 år, endra oppfatning om kva som er suksessformelen for å få dei utrente til å begynne å trene.

I årevis har eg reist land og strand rundt for å motivere og inspirere folk til ein sprekare, sunnare livsstil. Dette har gitt meg ei fantastisk muligheit til å snakke med folk om kvar skoen trykker. Eg har fått innblikk i utfordringane dei har møtt på og grunnane dei oppgir for at dei ikkje har fått det til. Og dette har gitt meg ståltru på at vi må senke terskelen betrakteleg for kva det vil seie å vere ein trenande person.

Kjem i form med minst mogleg innsats

Saman med kona mi, Liv Loftesnes, har eg derfor laga bok for alle som ikkje har lyst, men innser at dei burde begynne å trene. Den heiter «Kom i form med minst mulig innsats» og opplegget går i hovedsak ut på å bevege seg meir i kvardagen og å trene fem minuttar kvar dag. Desse fem små minuttane med trening gjer at får du den viktige daglige påminningen du treng om kor godt bevegelse kjennes fysisk og mentalt. Du unner deg sjølv ein daglig dose av verdas beste medisin – fullstendig utan bivirkningar og med tusenvis av ekstrabonusar.

Boken finner du i Roede-butikken her!

Boken for alle som ikkje har lyst, men innser at dei burde begynne å trene!

Og dei fem små minuttane vil rett som det er friste til meir, og så å seie alltid, føre til meir aktivitet. Eg er overbevist om at daglige dosar er verdas beste måte å få lyst på regelmessig trening og etterkvart meir og hardare trening.

Vi påstår ikkje at vi har laga verdas mest effektive opplegg for lynraske resultat. Men det er 100% gjennomførbart og fullstendig kvardags-proof. Og vi kan garantere at alle som ikkje har trent på ei stund eller er i dårleg form vil få framgang.

Eg er framleis opptatt av at vi ikkje kan stille krav om at trening alltid skal vere gøy. Trening er som tannpussen, den må gjerast, sjølv når vi ikkje føler for det. Men vi har alle har muligheiten til å komme til det høgaste nivået innan trening, der vi trener fordi det er noko vi vil, og ikkje noko vi tvingar oss til å gjere. Å jobbe seg dit er kanskje den beste investeringa du kan gjere for eiga helse. Det kan ta tid, men alle kan komme dit gjennom hyppige, daglege opplevelsar av vidundeleg trening av eit eller anna slag.

Sjølv om hjernen er innstilt på å ta med ro, så kan du altså klare å slå denne forhåndsprogrammeringa. Og når det skjer, har du ein ekstra god grunn til å vere fornøgd med deg sjølv.

Eg veit det er vanskeleg, men kva med å la hovedmålet for 2019 vere å bli glad i å trene?

Køyr på folkens!

Hilsen
Yngvar Andersen